Norsk English

Gamlebutikken ferdig oppussa

Gamlebutikken har stått uendra i den faste utstillinga sidan1984. No er veggene måla, det er lagt tak over butikken, og me har fått inn fleire varer.

Det meste av inventar og gjenstandar kjem frå gamlebutikken på Oppheim, som frå 1994 har vore i Voss Folkemuseum si eige. Handelen her kan sporast attende til minst 1865. Postvegen gjekk då rett forbi dette huset.

I 1929/30 bygde familien nytt hus lenger nede ved den nye postvegen og flytte handelen dit.

Flere bilder

  • Før Voss Folkemuseum overtok
  • Etter oppussing 1996