Norsk English

Gamalt frå Voss

Den lokalhistoriske årboka Gamalt frå Voss kom fyrste gong ut i 1969. No har du sjansen til å sikra deg dei 36 fyrste årgangane til ein svært rimeleg pris - berre 800 kroner.
 

Fram til 1984 vart årboka utgjeven av Voss Bygdeboknemnd. Frå 1985 kom Voss Sogelag og Voss Folkemuseum inn som medutgjevarar. I november 2012 kjem årboka ut for 45. gong. På desse åra har boka hatt 700 artiklar, på godt og vel 6500 sider. 
 
Opplaget og salet har variert, og for å frigjera plass på lageret sel me no ut årgangane frå 1969 til 2004 til svært gunstige prisar. For berre 800 kroner får du alle dei 36 fyrste årbøkene som kom ut. Unntaket er 1980-utgåva, som me er tomme for. Manglar du berre nokre av utgåvene, kostar dei hefta utgåvene 30 kroner stykket, medan dei innbundne går for 100 kroner. Boka var hefta dei fleste åra fram til 1991; frå 1992 har ho vore innbunden kvart år.
 
Talet på bøker me har att i kvar årgang varierer. Nokre utgåver har me svært mange bøker att av, andre utgåver kjem me nok til å verta utselde for.

Me tek atterhald om at me kan gå tom for fleire årgangar. Viss bøkene skal sendast, kjem porto i tillegg.
 
Kontakt oss på post@vossfolkemuseum.no, eller på 56 51 15 11 for meir informasjon.