Norsk English

Ny styrar på Voss folkemuseum

Eirik Helleve er tilsett som ny styrar og avdelingsleiar på Voss folkemuseum. Helleve tek til i stillinga i august.

Avdelingsleiaren har det faglege og administrative ansvaret for forvalting, drift og utvikling av Voss folkemuseum. Dei museumsfaglege oppgåvene er likevel dei mest sentrale i stillinga.

Avdelingsleiaren inngår i leiargruppa for Hardanger og Voss museum, og rapporterer til direktøren for det konsoliderte museet. Stillinga er sentral i det vidare arbeidet med utvikling av Hardanger og Voss museum, og avdelingsleiaren vil få ansvarsoppgåver som går på tvers av avdelingane i det konsoliderte museet.

Eirik Helleve (47) er frå Voss, og er utanna etnolog frå Universitetet i Bergen. Han har jobba i mange år ved Aasentunet i Ørsta både som formidlingsleiar og som dokumentasjonsleiar. Han har også vore dagleg leiar for Allkunne, det nynorske nettleksika. Helleve arbeider i dag  frilansskribent og har nyleg gitt ut jubileumsboka til Norsk barneblad. Helleve tek til i jobben medio august 2012.

Hardanger og Voss museum er svært nøgd med å få Helleve som leiar på Voss folkemuseum og ser fram til samarbeidet med han.