Norsk English

Fotoarkivet sikra på Mølster

Fotograf Kjell Herheim er strålande nøgd med at Voss folkemuseum, med god hjelp av dei lokale bankane, har takka ja til å overta heile arkivet til Herheim Foto. Dette er ein enorm fotoskatt på rundt rekna 55.000 arkivnummer negativar frå 1945 og heilt fram til vår tid.

Museet har få foto etter andre verdskrig difor er arkivet ein svært nyttig tilvekst til museet sine samlingar.

Kraftfondet i Voss kommune har løyvd eit stort tilskot slik at Herheim sjølv kan gjera jobben som trengst for å få arkivet tilgjengeleg for ålmenta.