Norsk English

Vangen i 1880-åra

Foredrag

Torsdag 16. februar, 19.00

1880-åra var ei brytningstid for Vangen. Vossebana mellom Voss og Bergen opna i 1883, og bygdesenteret utvida seg raskt. Det vart lettare å føra varer ut og inn av bygda, det vart fleire turistar, og det var i dette tiåret at bygda tok dei fyrste stega vekk frå å vera eit tilnærma reint jordbrukssamfunn.

Med utgangspunkt i eit foto teke av Knud Knudsen tek Peder Ringdal og Gunnar Hemre Ringheim oss med tilbake til dette tiåret. Dei har begge store kunnskapar om Gamle Vangen, og var mellom anna rådgjevarar då den digitale modellen av Vangen anno 1930 vart laga.

Etter foredraget vert det høve til å sjå fotoutstillinga «Fjellet», med bilete tekne av Knud Knudsen i tidsrommet 1865-1900.

Torsdag 16. februar, 19.00
Samlingsbygget, Mølster
Billett 100 kroner