Norsk English

Voss folkemuseum 100 år

Voss folkemuseum vart skipa 27. november 1917, og jubileumsåret vert markert med ulike arrangement utover året. Lista vert utvida etter kvart som datoar vert endeleg spikra, og nye arrangement kjem på plass.

Der ikkje anna er nemnt, er arrangementsstaden Mølster.

Foredrag og konsertar

26. januar Kjell Herheim: Fotohistorisk foredrag
23. februar Peder Ringdal og Gunnar Hemre Ringheim: Vangen i 1880-åra
30. mars Sofie Torlei Olsen: Ekstremsport
April Foredragskveld; tema og foredragshaldar ikkje stadfesta
Mai Ole Didrik Lærum og Eirik Helleve: Vandring i Lars Kindem sine fotspor
11. juni Leif Rygg: Snakk og spel. Dagestadmuseet
6. juli Felefylgje, konsert
13. juli Felefylgje, konsert. Dagestadmuseet


 

Artiklar i Hordaland

Kvar månad leverer Voss folkemuseum ein artikkel om ein person som har utmerka seg i lokalsamfunnet dei hundre åra museet har eksistert. Så langt har desse artiklane stått på trykk:

28. januar Lars Kindem
18. februar Helena Dagestad
4. mars Lars Eskeland

 

Kurs

I samband med museumslaget Voss folkemuseum vert det arrangert korte kurs i matlaging, handverk eller andre emne. Ingen kursdatoar er så langt fastsette.

 

Utstillingar

Mars Utstilling om Voss folkemuseum 100 år
Mai/juni Utstilling om Ekstremsportveko