Norsk English

4 millionar til ny basisutstilling

Voss folkemuseum hadde fint besøk fredag 5 oktober.

Terje Breivik, stortingsrepresentant frå Ulvik, kom innom med ei gladmelding: Hardanger og Voss museum får 2 millionar i 2019, og 2 millionar eit seinare budsjettår, for å byggja ny basisutstilling ved Voss folkemuseum. Både styreleiar, direktør og styrar ved Voss folkemuseum takka varmt for dette, og gav Breivik ros for arbeidet han har gjort. Den ny basisutstillinga skal stå ferdig til sommarsesongen 2020.