Norsk English

Temakveld om hovudbunader

I samlingsbygget på Mølster

25.10.2012 19:00 til 22:00

Me har fått gode tilbakemeldingar på utstillinga:

"...her dansar jenta med band i hår...",  og held ope torsdag kveld for at mange skal få sjå utstillinga.

 

 

Me vil fortelja om korleis jenter brukte borer og band før, me vil visa korleis hårmoten endra seg i folkedrakttida, og me vil sjå på korleis borer og band kan brukast i dag.

Me har lukkast med å få tak i raude vendavovne ullband i to breidder som samsvarer godt med dei historiske banda som museet har. Me har òg funne fram til nokre ulike svarteborer som høver godt, og sylvsmedane på Vangen arbeider for å laga til svarteborespenne.

Sal av: raudeborer, svarteborer, fletteband, mønsterark til dåpshuver og eit fyldig temahefte.