Norsk English

Aktivitetsdag

Mølstertunet

09.12.2012 12:00 til 15:00

Velkommen til den årlege aktivitetsdagen vår, ein populær dag for både born og vaksne. På Mølster er det god og ekte jolestemning.

Aktivitetane vert som vanleg mange. Me vil halda på dei tradisjonelle innslaga som korgfletting, glitrande jolestjerner, sying av filthjarter, rulling av honningljos, kakemennbaking ---- og mykje meir.

Men me kjem alltid med nye spanande innslag som me ikkje vil røpa her.

Alt er godt tilrettelagt, emna er laga på førehand, så det er berre å gå i gang med arbeidet.