Norsk English

Leikedag

Mølstertunet

05.05.2013 12:00 til 15:00

Leikedagen 5. mai må diverre avlysast.  Sidan våren er så sein, er det umogeleg å spikka seljefløyter. Dette har vore den store attraksjonen tidlegare år.

I mange år har tilsette ved museet og Borna sitt turlag arrangert leikedagar. I år ville Voss husflidslag også ha vore med med.

Sjølv om me avlyser i år, kjem me til å arrangera mange leikedagar ved seinare høve.

Me på museet tykkjer det er viktig å ta vare på dei gamle leiketradisjonane, og både tunet og området kring eignar seg ypparleg som leikeplass.