Norsk English

I LJOSET FRÅ ELD OG LJORE

Årestova Mølstertunet

15.06.2013 18:00 til 19:30

Den gamle årestova bygd for fleire hundre år sidan, har vakna til nytt liv. No er ho vaska og rydda, og i dette interiøret, som er ei tusen år gamal bustadsform, skal veggene gje oss soger, songar og musikk som går attende til mellomalderen.

Songane og musikken speglar mellomalderen frå gregoriansk tonespråk og balladar til voggesongar og frodige slåttestev frå Hordaland. Fløytene det vert spela på er kopi av blokkfløyter frå 15- og 1600 talet. Dei er ulike i storleik. I tillegg vert det nytta seljefløyte, sjøfløyte, tromme og dreielire.

Medverkande:

Ole Didrik Lærum - forteljing, Reidun Horvei - song/forteljing/tromme og Laila Kolve - fløyter/ dreielie.

Billett kr 200 / førehandstinging tlf.: 47479794