Norsk English

I LJOSET FRÅ ELD OG LJORE

Oppheim gamle prestegard

16.06.2013 18:00 til 19:30

Den gamle årestova, bygd for fleire hundre år sidan, har vakna til nytt liv. No er ho vaska og rydda, og i dette interiøret som er ei tusen år gamal bustadform, skal veggene gje oss soger, songar og musikk som går attende til mellomalderen.

Songane og musikken speglar mellomalderen frå gregoriansk tonespråk og balladar til voggesongar og frodige slåttestev frå Hordaland. Fløytene som det vert spela på, er kopi av blokkfløyter frå 15- og 1600-talet. Dei er i ulike storleikar. I tillegg vert det nytta seljefløyte, sjøfløyte, tromme og dreielire.

 

Medverkande:

Ole Didrik Lærum - forteljing, Reidun Horvei - song/kveding/forteljing/tromme og Laila Kolve - fløyte/ dreielire. 

Billett: kr 200 kan førehandstingast på tlf.: 47479794