Norsk English

Leikedag på Mølstertunet

Mølster

04.05.2014 12:00 til 15:00

Korleis leika dei i gamle dagar? Svaret får du om du vert med på leikedagen sundag 4. mai.

I mange år har tilsette ved Voss folkemuseum, saman med Borna sitt turlag , arrangert leikedagar. I år kom våren tidleg, og når blada på selja er store som musøyre, går sevja mellom barken og veden, då er tida inne til å spikka seljefløyter.

Elles er tilboda mange, det samme er "røynde" leikarar som vil hjelpa til med reglar og organisering. Det vert ymse ball- og fangeleikar, songleikar, hesteskokasting, slengtoghopping, kongen på trappa og styltrene må fram.

For museet er det viktig å ta vare på dei gamle leiketradisjonane, og like viktig er det at vaksne deltek i leiken. Både tunet og området kring Mølster eignar seg ypparleg som leikeplass.

Det er fint om dei som har høve å gå kan la bilen stå heime den dagen.