Norsk English

- det dagast yver jord - songskattar frå Vossestrand

Oppheim gamle prestegard, Vossestrand

22.06.2014 18:00 til 19:30

Voss folkemuseum inviterer til intimkonsert i Oppheim gamle prestegard sundag 22. juni kl 18.

Ellen Marie Selland Geithung song og Yngve Norendal gitar.

"Å få koma heim til Kari Larsen og Anna Sørestrand var stort. At dei ville dela songen, dette private, med meg, set eg umåteleg stor pris på," seier Ellen Marie Selland Geithung.

Konserten vil innehalda songar etter dei, men publikum får også høyra songar frå andre kjelder på Vossestrand. Songane er av ulik karakter. Nokon vart nytta i skulen eller i foreiningar, andre kun i heimen.