Norsk English

Arne & Carlos - Eit ferdaminne

Mølster

07.03.2015 16:00 til 18:00

Velkomen til ei utstilling der handverket og og dei ville ideane står i sentrum.

Arne & Carlos er Arne Nerjordet, med utdanning frå moteskulen Esmod, og Carlos Zacrison. Carlos er utdanna statsvitar og var elev ved Esmod då han møtte Arne i 1999.

I 2002 kom den fyrste kolleksjonen deira, Dolly Parton kolleksjonen. Utstillinga er ei oppsummering av ei kreativ verksemd frå starten og fram til 2012.

Utstillinga skal stå til 27. april.