Norsk English

Norske landskap - fjellet

Voss folkemuseum

22.05.2016 18:00

Siste sjanse til å sjå Knudsen-utstillinga

Fotoutstillinga «Norske landskap - fjellet», med bilete tekne av Knud Knudsen mellom 1860 og 1900, har stått på Voss folkemuseum sidan juni i fjor. Bileta er henta frå Vestlandet og Jotunheimen, og vert viste i eit format som får fram dei mange detaljane i bileta. No er visingsperioden nesten over, og palmesundag er siste sjansen til å sjå utstillinga.

 

Sjå Noreg for 150 år sidan!

Knud Knudsen (1832 - 1915) var den fyrste fotografen som reiste omkring i heile Noreg og tok bilete. Han reiste i åra 1862 til 1900 og fotografia hans er blant dei aller tidlegaste som er tatt her i landet. I dei kan vi sjå Noreg for 150 år sidan.

 

I 2016 viser Hardanger og Voss museum eit stort utval av fotografia i ei utstilling laga av Skule Eriksen og Lisbeth Dreyer. Utstillinga omfattar sentrale tema og motiv i Knud Knudsens fotografi, og er delt i tre;

 

Fjellet - Voss, Voss folkemuseum

Fjorden - Utne, Hardanger folkemuseum

Kysten - Norheimsund, Hardanger fartøyvernsenter

 

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd