Norsk English

Ekstremsportveko på museum

Voss folkemuseum

22.06.2017 19:00

Ekstremsportveko vert i år arrangert for tjuande gong, og det vert markert med ei stor utstilling på Voss folkemuseum. MERK: Siste sjanse til å sjå utstillinga er sundag  24. september kl 12 - 15. Velkomen

Mykje har endra seg sidan Veko starta i 1998. Veko har vorte mykje større, med fleire øvingar og fleire utøvarar. Haldningane til Veko har òg endra seg, og no er Veko akseptert av dei fleste. - I dag er det vanskeleg å tenkja seg Voss utan Veko, seier Frode Solbakk, ein av grunnleggjarane av Veko, i utstillinga.

Voss folkemuseum fyller 100 år i år. For dei var det lett å takka ja til spørsmålet om å laga ei utstilling om Veko. - Det er viktig at me er eit museum som ikkje berre ser bakover, men som òg er open for det som skjer i samtida og framtida, seier Eirik Helleve, styrar ved museet. - Veko er eitt av dei store arrangementa på Voss, og for eit museum som vårt har det vore spanande å arbeida med eit emne me i utgangspunktet visste lite om.

I utstillinga vert historia om Veko fortalt, både i ord og bilete. Utstillinga handlar i tillegg om kva ekstremsport er, kva som driv utøvarane, og tilhøvet mellom Veko og Voss. Nokre sentrale personar vert portretterte, og mange flotte gjenstandar vert stilte ut. I utstillinga vert det òg vist ei rekkje filmar som både viser kva ekstremsport er, og kva Veko er.

Foto: Vidar Herre, Hordaland            .