Norsk English

Kultur og handverk på Mølstertunet

Mølstertunet, Voss folkemuseum

02.09.2017 12:00 til 03.09.2017 15:00

Den fyrste helga i september vert det liv og aktivitet i alle husa på Mølstertunet. Voss folkemuseum har invitert ei rekkje lag og enkeltpersonar til å vera med. Dei viser fram ulike handverk, eller fortel om sider ved lokalhistoria.

Voss folkemuseum fyller 100 år i år, og har difor henta fram ein gamal aktivitet. Det har tidlegare vore arrangert liknande dagar, der dei besøkande har fått sjå og prøva handverksteknikkar. Det vert tradisjonshandverk, det vert musikk, det vert mat, det vert leikar, det vert lokalhistorisk quiz, og det vert mykje meir. Det møter mellom anna representantar frå Voss bygdekvinnelag, Voss sogelag, Voss ættesogelag og Voss spelemannslag.

Samlingsbygget vert òg ope. Utstillinga om Ekstremsportveko står til 20. september. Arbeidet med å demontera den store basisutstillinga tek til om lag samstundes, slik at ein bør nytta høvet til å sjå desse utstillinga no.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Voss folkemuseum og museumslaget.

Det vedlagde biletet er frå ein tidlegare leikedag ved museet.

Velkomen!