Forsking

Forsking og kunnskapsutvikling ved museea er eit nødvendig fagleg grunnlag for innsamling, dokumentasjon og formidling (Stortingsmelding nr 49. Framtidas museum).

Voss Folkemuseum har dei siste ti åra hatt eit sterkt fokus på tekstil- og draktkultur; og fleire av opplegga våre kan sjåast på som forsking knytt til handlingsboren kunnskap.

Eit døme er utstillinga,"På seng og i slede ", sett saman av 73 fargerike ryer frå Vossebygdene. Ryene vart dokumenterte/fotograferte, ein skreiv katalog, sette opp ryevev og hadde veverske som demonstrerte denne særeigne veveteknikken.

Voss folkemuseum planlegg no eit samtidsorientert forskningsprosjekt, med tema: Endringar i liv og landskap i Myrkdalen. Den store hytteutbygginga har vore med og prega dalen, og livsvilkåra for mange av dei som bur der, er endra. Voss Folkemuseum vil prøva å dokumentera nokon av desse endringane. 

Flere bilder

  • På Voss kallar me slike teppe flossarye eller napparye.
  • Ryene har sterke og gilde fargar i dristige kombinasjonar.
  • Prisen på ei farga rye var veldig høg.
  • Rya vart fyrst og fremst brukt som sengeteppe, med flossen ned.
  • Ei rye er sett saman av botnvev og av ryenapp. Nappet er knytt inn i botnveven.
  • Napparyene overtok etter skinnfellen.