Voss folkemuseum    

Mølstertunet er lett synleg frå Vossevangen. Avstanden er ca. 1,5 kilometer til fots, og ca. 3,5 km med bil.

Voss Folkemuseum er eit distriktsmuseum og har som mål å ta vare på kulturminne frå Vossebygdene. Museet eig tre autentiske gardstun, og såleis er bygningar ein viktig del av museet sine samlingar.

Hovudanlegget, med kontor, bibliotek, utstillingslokale, magasin og verkstad, ligg på Mølster.

Museet har skiftande og faste utstillingar i samlingsbygget og ulike opplegg og arrangement retta mot skule, bygdefolk og andre besøkjande.

Utearealet er barnevenleg og trygt. Vår og haust har me sauer på beite og i sommarsesongen har me høner på tunet.

 

 

Flere bilder

  • Lam på beite Foto: Svein Ulvund
  • Hane Foto: Svein Ulvund
  • Høne Foto: Svein Ulvund