Opningstider og prisar

Frå 1. september held me ope mån - fred 10 - 15 og sundagar 12 - 15.

Frå 1. juni til 31. august er museet ope alle dagar 10 - 17

Våre tilbod:

Omvisingar i tunet.

Ny lita utstilling i tunet: TUN PÅ VOSS - Med utgangspunkt i arkitekt Arne Berg sine teikningar ser me på tun frå Voss generelt og Mølstertunet spesielt.

Eventyrlege Mølster for born alle dagar: Utkleding, papphusbyggng, klypping av papirdokker, stylter, tauhpping, lesekrok m.m.

Temaomvisningar innan tre område: ølbrygging, byggeskikk og baking. Her kan ein sjå nokre av våre eldste ølkjenger, smaka på lokalt flatbrød eller prøva vossaoppfinninga skifersaks.

Museumsbutikk og open kafé med fantastisk utsyn over Voss.

NB:Grunna ombygging og førebuing til ny basisutstilling har me ikkje utstilling i samlingsbygget i sommar.

Telefon 474 79 794 eller voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Prisar: Vaksne kr 90, born u/16 år gratis. Grupper på 15 personar eller meir kr 80. Felles sesongbillett for alle avd. ved Hardanger og Voss museum kr 190.

Velkomen!