Kjælne kjevler

Salsutstilling v/kunstnaren Hans Sande

Sande har dei siste åra leika seg seriøst med å laga uvanlege kjevler i mange fasongar. Til kjevla har han skrive boka "Kjælne kjevler og tomme hender" med fotografi ved vossingen Ole Fretheim. Til saman er utstillinga og boka blitt eit både handfast og surrealistisk prosjekt i grenselandet mellom bildekunst og skjønnlitteratur, med hovudvekt på vakre, underlege og sprø objekt i tre.

På utstillinga viser Hans Sande flatkjevler, kjælne kjevler, tvikjevler, stormassgale kjevler og mange andre til no ukjende kjevlevariantar.

 

 

 

Flere bilder