Hildur sine dokker

Du kjem inn i ein dokkeheim med staskledde blondiner, ein fotballgut, trollaktige skapningar, ei jente som sit til hest.........

Hildur Juhl Pedersen gav i 2011 ei stor dokkesamling,  ca.130 dokker, til
Voss folkemuseum. Alle prosessar som støyping, brenning, måling, sying av
dokkekroppar og sying av klede, er utførde av henne.

Bunadsstoff, broderigarn, perler m.m. har ho kjøpt i Noreg. Hildur yngste at heile broderiet frå vaksen bunad  skulle vera på dokkebunadene, og ho har sjølv nedfotografert mønstera til dokkestorleik og teikna dei over på stoffa; "eit stort" arbeid.

Forkledet til Sognebunaden er handvove av ei kvinne frå Lærdal. Bunadskorne har Hildur laga sjølv. Sylvet til alle bunadene er laga av Høvda Verkstad v/ Inger Norunn Skammestein.

Juhl Pedersen er fødd i Bergen, men har sidan 1954 budd i Danmark. Mora kom frå Ramsøy i Gudvangen. Hildur har alltid vore interessert i handarbeid/handverk. Ho har sydd, strikka, arbeidd med treskjering, teikna mønster til strikke-jakker for norske fabrikkar m.m.

 

 

 

 

Flere bilder

  • Dokke i festantrekk
  • Dokkepar
  • sognebunad
  • Dokke i regnskle
  • Tre dokker