Norsk English

"Eventyr og segner i veven"

Voss folkemuseum syner ei stor biletvevutstilling v/Liv Ystaas og Berly Thue. I 1967 gjekk dei på kurs i biletvev, og begge fekk interesse for teknikken. Sidan då har hendene deira vore flittige i veven.

Biletvev vart vanleg i Europa frå ca. 1200. Teknikken kjem truleg frå Kina, og dei eldste egyptiske biletteppa er daterte til 1400 f. Kr.  Etter kvart vart teppa så populære at vevinga vart sett i system. Det voks fram verkstader, fyrst og fremst i Frankrike og Flandern.  

I Noreg hadde teppa ei blomstringstid i perioden 1600 - 1750, med ein renessanse på slutten av 1800. Teknikken er tidkrevjande og set store krav til kunstnarlege evner hjå vevaren.

I 1890-åra freista m.a. Gerhard Munthe å skapa nytt liv att i den gamle biletvevtradisjonen. Både Ystaas og Thue har vove mange av eventyrmotiva til Gerhard Munthe.

Flere bilder

  • odin
  • de fire årstider
  • nordlysdøtre
  • lindarormen
  • Åsmund Frægdagjevar