Norsk English

PÅ SPORET AV EI NY TID

Ei utstilling om korleis jernbanen endra Voss

Vossebanen opna i juli 1883, og med det gjekk Voss inn i ei ny tid. Jernbanen opna nye vegar både inn i og ut av bygda, og det var jernbanen som gjorde at Vossebygda vart noko meir enn ei jordbruksbygd. Etter at Bergensbanen opna i november 1909 vart Voss knytt nærare også til Austlandet.

For verksemdene på Voss vart det langt lettare å få varene ut til ein større marknad. Det vart òg langt lettare å reisa til Voss, og turisme og hotelldrift vart ei viktig næring. Etter kvart kom det òg til fleire skular; militæret la øvingane sine til Voss, og bygdesenteret Vangen voks.

Utstillinga På sporet av ei ny tid handlar om korleis jernbanen endra Vossebygda. Sjølve jernbanen får òg mykje plass, me fortel om korleis Vossebanen, Bergensbanen og Hardangerbanen til Granvin vart til. Me viser ei rekkje gamle og nye gjenstandar frå jernbanemiljø, og midt i rommet står ein stor modelljernbane, som mellom anna viser miljøet rundt Ygre stasjon.

Utstillinga vart opna av Kjartan Rødland onsdag 12. juni, og står til 10. november.

Flere bilder

  • På sporet av ei ny tid