Norsk English

BYGDEFOTOGRAF, fotografi frå 1945-56, Christian Herheim

Sommaren 1945 var Voss eit anna samfunn enn tidlegare. Dei fem krigsåra hadde prega bygda. Spesielt i bygdesenteret Vossevangen var dei fysiske skadane store.

Det neste tiåret kom bygda seg på føtene att. Hus vart bygde. Forbodne aktivitetar vart igjen lovlege. Nye verksemder kom til; eldre butikkar endra seg. Musikklag vart igjen aktive. Bygda fekk skituristar. Og livet gjekk vidare med sine kvardagar og sine merkedagar.

Ein av dei som dokumenterte denne perioden var Christian Herheim. Han var fotograf hjå Gjøstein foto frå 1939 til 1956, då han grunnla Herheim foto. Bileta i utstillinga dekkjer tidsrommet 1945-56, og svært få av desse bileta har vore viste før.

Flere bilder

  • Systove
  • brudepar
  • Lirhusborna
  • Gravferd