Norsk English

"Arne & Carlos - eit ferdaminne"

Det begynte med Dolly Parton kolleksjonen i 2002. Duoen kjøpte kjøkkenrutete stoff på sal hjå Domus på Fagernes, drog heim og spelte låten "Coat of many colors", og der starta det heile.

Arne & Carlos er Arne Nerjordet, med utdanning frå moteskulen Esmod, og Carlos Zachrison. Carlos er utdanna statsvitar og var elev ved Esmod då han møtte Arne i 1999.

På kort tid skaffa dei seg eit namn innafor den internasjonale moteverda. I dei seinare åra har dei konsentrert seg om design av strikkeplagg. Strikkeplagga er inspirerte av motiv frå tradisjonelle norske mønster. , men er samtidig annleis både i fargeval og snitt.

Utstillinga er ei oppsummering av ei kreativ verksemd frå starten i 2002 og fram til 2012.

NASJONALMUSEET FOR KUNST, ARKITEKTUR OG DESIGN og NORSK DESIGN- OG ARKITEKTURSENTER har produsert utstesigna.

Utstillinga skal stå på Mølster til 27. april.