Nesheimstunet

Nesheimstunet ligg i nordenden av Lønavatnet, 16 km frå Vossevangen, med avkøyring frå E 16 ved Tvinne. Tunet har ikkje fast opningstid.

Garden er einbølt, han har ikkje vore oppdelt, slik som mange andre vossegardar.

I tunet finn ein vedhus, eldhus/årestove og stovehus samanbygde i ei rekkje. Desse tre husa utgjer eit særmerkt stykke bygningshistorie, då alle tre husa har vore nytta som bustadhus og så  endra funksjon etter kvart som nye hus har komme til.

I eldhuset er det både åre og røykomn. Røykomnen her er truleg den einaste som er att på Voss. Her er også loft, stall, fjøs og løe.

Det budde folk i den nyaste stova fram til 1948. I 1970 vart tunet overteke av Voss Folkemuseum

Flere bilder

  • Nesheimstunet. Foto: Svein Ulvund
  • Steinmurar Foto: Svein Ulvund
  • Vinterstemning Foto: Svein Ulvund