Norsk English

Oppheim gamle prestegard

Oppheim gamle prestegard ligg ved Oppheim kyrkje 26 km frå Vossevangen, med avkøyring frå E 16. Tunet er ope. Husa har ikkje fast opningstid.

Ruslar du opp vegen frå Oppheim kyrkje og forbi  den gamle kyrkjegarden, kjem du til eit tun med spor etter byggeskikk og bustadform frå middelalderen.

Bustadhusa ligg i ei lang samanhengjande rekkje med skykkje/vedhus, årestove, stove, og bu med loft. På framsida er det uthus med løe og fjøs. Tunet ligg enno bra urørt, men stallen som sto ved sida av den store løa, er riven og flytt til Stalheim museum. Heilskapen er dermed skipla.

Sjølv om det ikkje har budd prest på garden sidan katolsk tid, har garden alltid høyrt til kyrkjegodset.

Flere bilder

  • Den freda kyrkjegarden Foto: Svein Ulvund
  • Husrekkja på Oppheim
  • Leik på Oppheimstunet