Primstaven

Elevane skal læra om dei gamle merkedagane, om symbola som vart brukte, kva helgenar som er knytte til symbola, og kva lokale gjeremål som er knytte til dagane.

Primstaven er ein kalendarstav av tre. Kvar dag er merka med eit hakk, og i Noreg har skiljet mellom sommar og vinter vore viktig. Difor har primstavane våre ei sommarside ( 14. april - 13. oktober) og ei vinterside (14. oktober - 13. april)

Innhald i opplegget:

A) Teori med historisk innføring. Me ser på ulike primstavar frå Voss og snakkar om viktige merkedagar. Symbol og foto vert  presenterte på storskjerm.

B) Praktisk oppgåve. Elevane skal laga sin eigen primstav. Emne og verkty syter museet for. I eldre tid skar dei ut dagar og merke med geifus og kniv, men me har valt å bruka sviapparat slik at elevane vert ferdige med oppgåva.

Flere bilder

  • pussing
  • nøyaktig
  • alle primstavane
  • diskusjon
  • jol og nyttår
  • gamle primstavar