Tægerbinding - ein gamal teknikk

Mål:  

- gje elevane innsyn i ein teknikk som har vore så genial at ingen har klart å forbetra han

- få elevane til å forstå kor oppfinnsame tidlegare generasjonar var når det galdt handverk og kor flinke dei var til å finna gode tilgjengelege material.

 

På Voss har røter - helst bjørkerøter (også kalla tæger) vore mykje nytta til korgfletting.

Røtene er mjuke og elastiske, og skal ein laga korger av dette materialet, kan ein ikkje bruka vanleg fletteteknikk. Langt attende i tid vart det difor funne fram til ein annan teknikk, kalla binding, som liknar på sying.

Teknikken held materialet godt saman og forma vert stødig. Dei skarpe bøyningane i bindinga set store krav til materialet, og det er berre røter som tåler det.