Norsk English

Arkitektur og byggeskikk

Arkitektur og byggeskikk har vore tema for elevar i 8. klasse i mange år.

Utgangspunktet for opplegget er anlegget på Mølster - eit rekkjetun med 16 bygningar.

Me snakkar om garden, husa og tunet, deling av garden i to bruk, korleis husa er plasserte og kva funksjon dei ulike husa har hatt.

Elevane skal forstå kva lafta bygg er, likeeins at det er fleire måtar å leggja tak på - t.d. nevertak/torvtak og skifertak.

Me går inn i to av husa, ei årestove og ei loftstove. Elevane får, på ein konkret måte, sjå korleis butilhøva endra seg i perioden ca. 1500 - ca. 1850. Me fokuserer også på ymse tregjenstandar og på ulike typar dekor.

Praktisk oppgåve: Elevane skal teikna skisse av t.d. kistebeslag, dørbeslag eller andre mønster. Skissene skal bearbeidast på skulen og brukast i faget seinare - t.d. i metallsløyd.